Nyhetsbrev sommeren 2018

Våren 2018 har prosjektet nyfødd, som NorSahel har gjennomført i Mali, vore under lupa for både forsking og ei større evaluering. NorSahel har i løpet av 2,5 år hatt stor aktivitet i Mali og lært opp 1000 jordmødre, legar og jordmorstudentar i over 70 helsesentre(klinikkar) og 3 sjukehus i Koulikoro regionen i Mali.
Desse dekkjer over 1,2 millionar innbyggarar. Lege og forskar Mari Innerdal har saman med maliske legar og norske legar, nyleg skrive ein forskingsartikkel som undersøkjer tall frå prosjektområdet. Mari har i artikkelen arbeidd med tall på nyfødt-død og dødfødt før og etter at prosjektet HBB vart gjennomført. Tala viser svært gode resultat og at dødelegheita blant dei nyfødde har gått ned der prosjektet har drive opplæring og i området som blei forska på med heile 60 % første året. Andre året har tala gått litt ned og haldt seg på lågt nivå. Dette er gode tal og det viser at prosjektet nyttar.
Det er ganske unikt at vi kan dokumentere resultat ved forsking. NorSahel er resultatfokusert, vi ynskjer å gjere ein skilnad og vi ynskjer å redde fleire liv. Forskinga viser nettopp dette. Artikkelen til Mari vil snart bli publisert i eit annerkjent tidsfrift. vi ynskjer å redde fleire liv. Forskinga viser at prosjektet har verknad og nyfødde blir redda.
Vi elskar Mali og vil nå lenger med å bistå( i sann forstand) maliarane sjølve til å skape seg ei betre framtid i Mali! Bli med oss i dette!
Klikk her for å lese nyhetsbrevet.

Last ned print versjonen her.

Med ønske om en riktig God Sommer!
God lesning!

 

 

Nyhetsbrev sommeren 2018