Gode intensjoner = gode resultater?

Resultat

Mange ropar etter resultat i bistanden. Det er rett og godt. Dette fordi resultatfokus må følgje bistanden elles blir den fort berre gode intensjonar. Den nye bistandsministeren Nicolai Astrup sa det slik i eit intervju nyleg frå Malawi der han er på tenestereise:  «Det holder ikke med gode intensjoner hvis vi ikke oppnår gode resultater.»

For NorSahel sine prosjekter i Mali kjem no dei første ordentlige målbare resultat fram. Det er både bra og også litt skummelt. Tenk om vi ikkje lukkast….

Resultat ligg no føre i konkrete tal.

1. For HBB prosjektet (gjenoppliving av nyfødde) har vi nådd over 1 000 jordmødrer og jordmorstudentar som har fått opplæring i metoden. Hovudmålet med HBB prosjektet var nedgang i perinatal (nyfødt + dødfødt) raten på 30 %. Ein vitskapelege artikkel som lege Mari Innerdal skriv saman med maliske legar og som vil bli publisert snart seier: Perinatal død har blitt redusert med godt over 30 %, heilt opp mot 60%. Tala byggjer på statestikk før HBB metoden vart innført og etter opplæring. Artikkelen er tenkt publisert snart i vitskapelege tidskrift.

2. For sykkelprosjektet har jo hovudmålet vore å få fleire jenter til å fullføre ungdomskulen: Dei offisielle tala frå Tambaga ungdomskule viser at tale på jenter som fullfører ungdomskulen har auka frå 9 % andel i 2013 (då prosjektet vart sett i gong) til 29 % andel i 2017.

Nå har eg akkurat vore i Mali i ei veke og sjølv besøkt prosjekta og også tatt del i ei evaluering som no skjer av prosjektet HBB i Mali.

Det er mange utfordringar i prosjektet framover og vi har også fleire sider der vi må bli betre! Difor er denne evaluering viktig. Noko av det som betyr mest for oss er nok at maliske legar og jordmødrene på dei ulike helsesentra og helsestyresmakter sjølv gir klart uttrykk for at prosjektet vi driv, som er støtta av Kavlifondet, gjev effekt. Og at vi har ei tilnærming som dei syntest er god.

NorSahel har valt ein strategi der vi samarbeider tett med myndighetene. Bak strategien ligg det årevis med erfaring frå prosjektarbeid i Mali og nøye vurdering i korleis ein best mogleg kan skape varig bærekraft i prosjekta. Vi trur strategien er klart medverkande til at prosjekta lukkast.

Ved sida av tenleg og god strategi er teknologi noko som har vore avgjerande for oss. Mellom anna i form av skreddarsydde mikrofilmar som er blitt utarbeida og spreidd på lokalspråket og som forklarer HBB metoden kort og informativt, støtta igjen av Kavlifondet med øyremerka midlar. Akkurat dei same mikrofilmane har Unicef no fått tilgang til som ein del av eit samarbeid og allereie tatt dei i bruk i 150 helsesentre sør i Mali.

Våre prosjekt har fått gode resultat på kort tid og med begrensa midler. Det skal vi fortsetje med å jobbe målbevisst for at skal skje framover

Kavlifondet satsa på oss nettopp mykje pga. strategien vår. Og dei har vore raske til å støtte ny teknologi, slik som både mikrofilmane, nemnt over, og ein ny App som vi no arbeider med å utarbeide. Kavlifondet har støtta dette prosjektet frå starten og takka vere dei er vi kome så langt vi har i Mali.

Norad har hatt veldig resultatfokus seinare år. Det er kanskje på tide at vi, i tillegg til våre solide og viktige private bidragsytarar, også kunne få offentlig støtte frå vårt rike land?

Eg helsar velkomen ein ny og frisk debatt om bistandens framtid, vi som driv bistand treng det: Korleis kan vi bli meir effektive? Korleis kan vi få betre resultat? Korleis kan vi få varig verknad?

Arbeidet går fram i Mali og eg er stolt over våre mange gode partnarar her nede. Resultatet i prosjektet er ikkje vår forteneste, men fortenesta går til dei gode partnerane våre her i Mali! Vi skal berre leggje til rette for at det kan bli resultat. Det vil vi fortsetje med!

 

Spre kunnskap – gi liv!

Skrevet av Hølje Haugsjå