Sykkel prosjektet

NorSahel sitt skulesykkelprosjekt i Mali starta opp i 2013 . Med utgangspunkt i ein altfor høg del jenter som ikkje fullførde ungdomsskulen, var målet å satsa på jenter med lang skuleveg som ynskjer å fullføra heile grunnskulen. I 2013 var andelen jenter som fullførde ungdomsskulen mindre enn 10%! Det er fleire grunnar til at jenter ikkje fullfører. I tillegg til lange avstandar til næraste skule, handlar det òg om fattigdom, tidlege giftemål og graviditetar. Jentene må bidra i hushaldet til storfamilien, og når vi veit at mange må gå langt for å henta vatn, vert det mindre tid til utdanning.
Ved ungdomskulane NorSahel arbeider er det oppretta ein komité beståande av rektor, kommune-, lærar-, foreldre- og elevrepresentant som har bestemt eit regelverket som seier at eleven må betala ein eigenandel på 10 % av kjøpesummen før skulesykkelen kan disponerast av eleven i skuleåret. Eigenandelen vert brukt til å drifta prosjektet lokalt. Vidare seier regelverket at skulesykkelen vert gjeve til odel og eige til elevar som fullfører heile ungdomsskulen. Regelverket i sin heilhet kan du lese under. Ein sykkel er viktig for heile familien, og kan vera ein viktig motivasjon for å satsa på skulegangen. Ein sykkel kan difor endre livet til ei jente.
Til no har prosjekt bidrege til at nærare 400 syklar er kjøpt inn, men enno ventar mange fleire på skulesykkel, og NorSahel nyleg utvida prosjektet til å gjelde to nye ungdomskular, Kobaronto og Koumakire. Pr 2018 er dermed prosjektet aktive på 5 ungdomskular (3 av desse ligg i Tambaga kommune og 2 i Kokofata kommune).
Resultatet av skulesykkelprosjektet har vore veldig gode. Dei siste offisielle tala frå ungdomskulen i Tambaga viser at 28% av elevane som fullførde ungdomskulen i 2018 var jenter (mot under 10% i 2013 ved prosjektstart). Vidare viser tala frå dei andre ungdomskulane prosjektet arbeider nesten same prosent-del. Dette betyr at fleire jenter får utdanning grunna skulesyklar. Skule-leiinga sjølv roser prosjektet og NorSahel har fått spørsmål frå fleire ungdomskular i området om å få sykkelprosjektet.
Skulejentene i Mali treng støtta di!

Utdanning er nøkkelen til utvikling og er ein menneskerett!

Ungdomsskulen i Kokofata
NorSahel starta opp sykkelprosjektet i Kokofata ungdomskule med over 300 elevar. Mange elevar kjem frå landsbyar langt frå ungdomskulen. Her var andelen jenter 22 % på ungdomskulen i 2015.Andelen jenter har auka til 28% i løpet av 2 år. Andelen jenter som fullfører ungdomskulen har auka frå 9% i 2015 til over 20% i 2018.  

Sjå kart og avstandar mellom landsbyar i Kokofata her

Regelverk

Ein lokal skole-sykkel komité́ blir etablert på kvar ungdomskule. NorSahel er ansvarlig for å kjøpe inn syklane i Bamako og transportere desse opp til skulane. To hovud-prinsipp blir anvendt : 1. Jenter prioriterast 2. Elever med lengst avstand til skolen prioriterast.

Les hele Regelverket

Ungdomsskulen i Tambaga

I dei to ungdomskulane i Tambaga var fråfallsprosenten i 2013 ca. 50 % , blant jenter var fråfallet heilt opp mot 70 %. NorSahel har skaffa over 250 syklar til først og fremst jenter, målet er at dei skal gå på ungdomskulen og fullføre denne. Andelen jenter som fullfører har auka frå 10% til 28% i 2018. Vi ynskjer også her å hjelpe enno fleire.

Sjå kart og avstandar mellom landsbyar i Tambaga her

Vil du støtte Sykkel prosjektet for å få flere jenter til å fullføre ungdomsskolen?

Gi en sykkel

vipps 600 kr. til 15556 MERK SYKKEL. Med Vipps kan du enkelt sende penger fra mobilen din, uansett hvilken bank du har.

GIVERKONTO

Du kan gi en gave ved å overføre ønsket beløp til vår Giverkonto : 2801 32 59889
Kontonavn: NorSahel

MÅNEDLIG TREKK

Sette opp månedlig trekk.Eit fritt valt beløp direkte til
Giverkonto :2801 32 59889
Kontonavn: NorSahel

Tusen takk for din støtte til vårt viktige arbeid!

Vi er medlem av Innsamlingskontrollen.