Pressemelding HBB 2.0

NorSahel, ny norsk bistandsorganisasjon (med sterk tilknyting til Kristiansand/hovudkontor i Nissedal i Telemark) vekker internasjonal merksemd. NorSahel blir dei fyrste til å teste ut ein ny verdsleiande metode for å redde barn frå å døy som spedbarn. Felttesten vil gå føre seg i Mali i Afrika på lokale helsesentre i landsbyar, på sjukehus og på helsefagskular i landet.

Felttesten startar ved at Susan Niermeier, professor i Pediatri ved University of Colorado School of Medicine og leiar av den amerikanske foreininga for barnlegar, AAP, kjem til Dakar, Senegal, frå 28. juni for å ha workshop med NorSahel si ekspertgruppe og partnerar frå Mali.

“I am thrilled about the opportunity to work with your HBB (Helping Babies Breathe) project”,

seier Susan Niermeyer. Ho er hovudredaktør for utviklinga av den nye metoden, Helping Babies Breathe 2.0. Dei trong ein organisasjon med erfaring og stort nettverk innanfor helsetenesta i eit land der mange  spedbarn døyr.

Mali er eitt av landa i verda som er verst ramma på dette området. I samarbeid med det offentlege helsevesenet i Mali, har NorSahel allereie opparbeidd positive erfaringar med prosjektet, Helping Babies Breathe..