Nyfødde reddas i Mali!

På måndag hadde vi en maratondag her i Mali. Eg reiste tidleg frå Bamako for å besøke to helsesentre i Kati helsedistrikt. Kort fortalt er eit helsesenter nesten det same som i Norge, antall personar som soknar til eit helsesenter varierer frå 3000 mennekjer til heile 49 000. Men helsesentrene i Mali tek også imot kvinner som skal føde. Få kvinner i Mali kan kome seg til sjukehus, avstanden er for lang. Så dei føder på helsesenter. Eller dei føder heime, som skjer ein del stadar i Mali den dag i dag. Med all den risiko det er for kvinnene. Som i tillegg er omskjærte og i mange tilfelle underernærte i meir eller mindre grad. Det er 33 helsesentre rundt i Kati og alle har fått utstyr og opplæring via prosjektet HBB Mali. Støtta nesten fullt ut av Kavlifondet og forskingsstøtte frå Laerdal Global Health.

Vi besøkte denne dagen Farada helsesenter og Diago helsesenter. Vi blei tatt godt imot og fekk ein innføring i senteret. Og så kom den gode nyheit. Allereie ein månad etter opplæringa og etter å ha fått utstyret: På det eine helsesenteret hadde 3 nyfødde fått pustehjelp via utstyr og opplæring i prosjektet og dei 3 hadde blitt redda!! Eg og resten av teamet tenkte med ein gong: Prosjektet og slitet rundt det var allereie verdt det!

Utfordringa vi står overfor er at denne opplæringa og utstyret framleis ikkje er i bruk overalt. Eit kurs er ikkje nok. Mange har diverre ikkje heilt lært seg metoden. Her har vi nokre utfordringar framover.

norsahel-sitt-team-sammen-med-lege-og-fodselshjelpere-pa%cc%8a-diago-helsesenter-12-04-2016-640x450

Etter dette besøkte vi helsefagskulen i Kati. Den har nå 262 elevar, blant desse er 202 jenter. Denne skulen utdannar sjukepleierar og hjelpepleierar, med hovudfokus på spesialisering innan fødsel og mor/barn helse. Dette var fjerde gongen eg besøkte skulen. Kvar gong reiser eg derifrå inspirert og oppløfta. Dette sa eg til rektor også, som ikkje kunne utrykke sterkt nok at vi er velkomen tilbake. Her hadde vi no i mars opplæringar med 235 elevar i HBB, Helping Babies Breathe(www.helpingbabiesbrethe.org). Pustehjelp til nyfødde. Rektor tok imot oss. Først takka han for at vi kom. Så sa han at skulen hadde verkeleg satt pris på opplæringa og metoden vi nå introduserer. To av hans eigne lærerar har fått spesial opplæring til å lære dette til elevane. Skulen har i tillegg fått 20 treningsdokker kjøpt inn av prosjektet frå Laerdal. Dette skjedde no i mars. So seier han vidare det eg satte mest pris på i bistandsaugo: Skulen har bestemt at denne nye opplæring og metode er så aktuell at dei vil jobbe for å få den fast inn i skulens timeplan! Og også at han allereie har tatt det opp med styret for helsefagskular i Mali om dette kan introduserast i andre skular!

Til slutt denne dagen kom vi til sjølve hovudpartneren for vårt første pilot-prosjekt i Mali. Fylkeshelsesjefen i Kati helsedistrikt, han er også sjefslege på fylkessjukehuset. Fylket tel 600 000 innbyggjarar. Han heiter Ismael Simaga. Han kjenner eg også frå tida mi i Mali mellom 2000 og 2010. Han har vore i Dakar og møtt to av legane som arbeider med oss, Mari Innerdal og professor Ola Didrik Saugstad. Med Simaga er det ikkje så nødvendig med så mykje prat. Som han seier det sjølv: Han kjenner oss godt. Prosjektet er hans eige og han har personleg blitt engasjert av det. Utfordringane er enorme. Han viser oss tal som viser at tal på ferske dødfødde(Såkalla fresh stillbirth) i Kati er høgt, veldig høgt. Det er på ca. 27 av 1000, noko som er svært høgt. I tillegg kjem nyfødt død og andre død fødslar. Og mødredødeligheten, som virkar til å være veldig høg…..

Han seier vidare at prosjektet er så vidt igong. Han vil vidare, han vil utdanne sine mange helsearbeiderar betre, over 300 har fått første opplæring spreidd over heile distriktet. Han ynskjer at alle fødestuer i hans helsedistrikt skal ha utstyr, alle. Og då snakkar vi om eit hundretals. Han vil vidare at vi arbeider med mors helse. Her har Kati siste året hatt store utfordringar. Eg tenker at det

er for store utfordringar for oss åleine, men eg tenker at Simaga gjer rett, eg hadde sikkert gjort det same. Også husker eg tilbake til åra før i Mali då Simaga hadde same posisjon i helsedistriktet vi budde i. Han var alltid på kontoret. Om det var laurdag kveld, om det var sundag. Han var alltid på sjukehuset eller rett rundt hjørnet….han hadde sprengt alle HMS i Norge med stor margin!

Vi Noreg lever bokstaveleg talt på den grøne grein. I møte med utfordringane som er i Mali tenker eg at: Vi kan gjere noko. Vi må gjere noko! Kvifor? Det første er at no har vi sjansen. Vi har eit prosjekt, vi har etablert det i Mali etter alle regelverk som finnast og prosjektet er etterpurt opp til høgaste helsemyndighet. Så tenker eg litt banalt. Eg tenker at når eg eingong havna i Mali så vil eg gjere noko her. Og eg tenker at alle dei som kjenner meg og alle dei andre i prosjektet. Anita, Olav Mikkjel, Ola Didrik, Mari, Marthe og styret i NorSahel: Dere hadde sannsynlegvis hatt ein bekymring midre om dere ikkje hadde kjent oss og vårt engasjement i Mali. Men når dere først gjer det: La oss nå prøve å gjere det vi kan!