NorSahel har no i 3 år arbeidd i Mali. Denne våren har vore den mest begivenhetsrike tida i NorSahel si korte historie. Vi har nådd fleire milepælar i vår, slik som ferdigstilling av den nye HBB 2 materiellet, utviding til to nye helse distrikt (til saman arbeider vi no i distrikt med meir enn 1,2 mill innbyggerar)og to nye helsefagskular, medlem av den nasjonale nyfødt-komiteen for Mali, og sist men ikkje minst: vi har fått den første forsking-artikkel som viser at prosjektet har gjeve svært gode resultat så langt!
Når det gjelder det administrative har NorSahel tatt fleire grep i vår for å sikre god kontroll og effektiv styring av midlar ved å oppdatere og utarbeide betre retningslinjer og vi har gitt vår autoriserte regnskapsfører Unni Løken meir ansvar for økonomistyringa.
Samstundes er Mali på veg til å bli enno meir utrygt og stadig høyrer vi om uro i landet.
NorSahel har ingen planar om å trappe ned. Tvert imot ynskjer vi å trappe opp arbeidet!
Vi har veldig gode lokale partnerar og vi har god kontroll på midlane vi samlar inn og disponerer.
NorSahel vil satse vidare i Mali! Mali treng oss meir enn nokon gong. Og maliske myndigheiter ynskjer tydeleg at vi skal bli. Fornyinga av autorisasjonen til å virke i Mali blei gjort på rekord-tid i mai. Og det utan ei krone under bordet…..
Vi elskar Mali og vil nå lenger med å bistå( i sann forstand) maliarane sjølve til å skape seg ei betre framtid i Mali! Bli med oss i dette!
Klikk her for å lese nyhetsbrevet.
Last ned print versjonen her.
Med ønske om en riktig God Sommer!
God lesning!