Hjemmesiden/Nyhetsbrev Juni 2025

Nyhetsbrev Juni 2025

Sikkerheitssituasjonen i Mali
Situasjonen i Mali er framleis prega av uro og konflikt. Militærjuntaen har styrt landet sidan kuppet i 2021, og samarbeidet med internasjonale aktørar som FN og ECOWAS har brote saman. Landet har vendt seg mot Russland for støtte i kampen mot opprørsgrupper og jihadistiske nettverk, særleg i nord. Heile landet er no rekna som «raudt område», og tryggleiken er dårleg, også i hovudstaden Bamako. Til trass for dette held NorSahel fram med arbeidet, takka vere sterke lokale nettverk og gode samarbeid med myndigheiter og institusjonar i Mali.


Nytt initiativ: Fokus på fødselsblødningar
Våren 2025 har NorSahel vidareført kontakten med vår faste samarbeidspartnar Aliou Bagayoko – fødselslege og tilsett i helsedirektoratet i Mali. Gjennom videomøte har Jorunn, Mari og Hølje drøfta eit nytt initiativ retta mot å redusere dødelegheit grunna fødselsblødningar, ei av dei vanlegaste dødsårsakene blant fødande i Mali. Målet er å utvikle eit konkret konsept for lokal opplæring og beredskap. Samtidig held vi fram det faglege samarbeidet med norske og maliske legar.


Skulesykkelprosjektet – ein suksess som veks
Sykkelprosjektet vårt held fram med å skape resultat. Sidan førre nyheitsbrev har vi fått på plass nær 100 nye skulesyklar. Vi er no aktive i tre kommunar og ved sju ulike ungdomsskular i Tambaga-området. Det gode samarbeidet med skulane, lokale styresmakter og foreldre held fram. Evalueringar og offisiell statistikk viser at prosjektet har ein tydeleg positiv  effekt på jenters gjennomføring av ungdomsskulen. 

I Tambaga har andelen jenter som fullfører ungdomsskulen auka frå 10 % i 2014 til heile 36 % i 2024. I Bougaribaya var 41 % av dei uteksaminerte elevane i 2024 jenter – eit imponerande resultat som inspirerer til vidare innsats!


Takk for støtta – og god sommar!
Arbeidet vårt er berre mogleg takka vere dykk som støttar NorSahel. Både dei faste givarane og dei som har deltatt i innsamlingsaksjonar – tusen takk! Innsatsen dykkar bidreg direkte til betre helse og utdanning for barn og kvinner i Mali. Vi ønskjer dykk alle ein god
 

Powered by Cornerstone