Norsk Sahel Sjølvhjelp Organisasjon (NorSahel) blei stifta i mai 2013 av ei gruppe personar som brenn for langsiktig utvikling i Mali. Sahel er eit anna namn på indre delar av Vest Afrika og Mali. NorSahel er ein norsk registrert, non-profitt og uavhengig(religiøst og politisk) organisasjon med hovudaktiviteten i Mali. Vår base er i Nissedal, Telemark, men folk frå ulike stadar er engasjert i arbeidet, vi har eit aktivt miljø i Kristiansand. Vår overordna visjon: Redusere uverdig fattigdom i Mali og skape varig utvikling for enkeltpersonar og samfunn.

NorSahel legg sterk vekt på hjelp til sjølvhjelp og berekraft, derav namnet. NorSahel har eit breitt nettverk i Mali innan ulike samfunnslag og myndigheiter i landet. NorSahel har eit kontor og lokal stadleg representant i Mali. Strategien vår er ein veldig sentral motivasjon for oss: Hjelpa blir kanalisert gjennom nasjonale strukturar og ikkje på sida av desse, nettopp for å sikre bærekraftig utvikling. Vi ynskjer å hjelpe og inspirere innbyggarane sjølve til å finne fram til eigne ressursar og ta ansvar for utvikling sjølv.