Om oss


Spre Kunnskap gi Liv

Vår visjon

Norsk Sahel Sjølvhjelp Organisasjon (NorSahel) blei stifta i mai 2013 av ei gruppe personar som brenn for langsiktig utvikling i Mali. Sahel er eit anna namn på indre delar av Vest Afrika og Mali. NorSahel er ein norsk registrert, non-profitt og uavhengig(religiøst og politisk) organisasjon med hovudaktiviteten i Mali. Vår base er i Nissedal, Telemark, men folk frå ulike stadar er engasjert i arbeidet, vi har eit aktivt miljø i Kristiansand. Vår overordna visjon: Redusere uverdig fattigdom i Mali og skape varig utvikling for enkeltpersonar og samfunn.

NorSahel legg sterk vekt på hjelp til sjølvhjelp og berekraft, derav namnet. NorSahel har eit breitt nettverk i Mali innan ulike samfunnslag og myndigheiter i landet. NorSahel har eit kontor og lokal stadleg representant i Mali. Strategien vår er ein veldig sentral motivasjon for oss: Hjelpa blir kanalisert gjennom nasjonale strukturar og ikkje på sida av desse, nettopp for å sikre bærekraftig utvikling. Vi ynskjer å hjelpe og inspirere innbyggarane sjølve til å finne fram til eigne ressursar og ta ansvar for utvikling sjølv.

Jenter i Mali skal fullføre ungdomskulen


Sidan 2013 har NorSahel arbeidd med å betre tilgangen til skule for born og ungdom ved 3 ungdomsskular i Mali, ved å kjøpe inn syklar til dei med lang skuleveg. Visjonen vår med sykkel-prosjektet er først at fleire jenter skal gå på og fullføre ungdomskulen, ettersom andelen jenter på skulane har vore svært låg. Vidare ynskjer vi å hjelpe alle elevar med lang skuleveg. Vi samarbeider tett med skulane og lokale styresmakter om prosjektet.

Redusere nyfødtdødelegheit i Mali


Sidan 2015 har NorSahel i tett samarbeid med PFI(Pediatrisk forskingsinstitutt, Universitet i Oslo) . Vår visjon er å redusere nyfødt-dødelegheita i området og at alle jordmødrer og fødselshjelperar har godt og tjenlig utstyr og kunnskap for betre nyfødtomsorg. Vårt mål er å redusere nyfødtdødelighet med 30% dei neste åra. Prosjektet er forankra i helsestyresmakter i Mali og vi er inne

Bygge bruer mellom Mali og Norge


NorSahel vil bygge bruer mellom Mali og Norge innan forsking og ekspertise innan helse-feltet og etterkvart på andre områder. I dette arbeidet samarbeider vi breitt med eit større og anerkjent forskings- miljø. Vi har ein visjon om å byggje sterke nettverk mellom maliske legar og norsk og internasjonal ekspertise på området nyfødt. Vi ynskjer å knytte forsking til alle delar av våre aktiviteter!

Innovasjon


NorSahel vil leggje til rett for at ny innovativ og forskings-basert medisinsk utstyr blir innført i Mali. For at det medisinske utstyret skal få gjennomslag og bli brukt i stor utstrekning er det viktig for oss å vektleggje aktiv deltaking av maliske myndigheiter i prosessen.

Styret i NorSahel

Øyvind Hope (styreleiar)
Mobil: 926 34 783
E-post: hopeoyvind@hotmail.com

Hølje Haugsjå (Dagleg leiar)
Mobil: 901 71 814
E-mail: holje@haugsjaa.no

Øyvind Tveit
Mobil: 91748498
E-mail: oyvind.tveit@nissedal.kommune.no

Anne Torhild Omland
Mobil: 41423894
E-mail: atos72@hotmail.com

Tahani Siddik Berge
Mobil: 905 58 192
E-mail: tsiddik@gmail.com

Kristin Oddbjørg Parkinson Vågen
Mobil: 48050477
E-mail: kristin.vagen@nissedal.kommune.no

Anita Haugstad Haugsjå
Mobil: 944 72 235
E-mail: ahaugsjaa@gmail.com

Regnskapsførar:
Regnskapsservice A/S
v. Autorisert regnskapsførar Unni Løken
Mobil: 907 63 665
E-mail: Unni.Loken@Regnskapsserviceas.no

Revisor:
Ernst and Young A/S