Nyføddomsorg-Helping Babies Breathe (HBB II)

Hovudmålet med prosjektet «Helping Babies Breathe» (HBB II) er å redusera neonatal(nyfødd) dødelighet. Prosjektet er eit tett samarbeid mellom NorSahel og PFI, UiO(Pediatrisk Forskingsinstitutt, Universitet i Oslo). Ei ekspertgruppe beståande av norske og internasjonale legar, Prosjektet arbeider i første omgang i helseregionen Koulikoro som tel 2,9 millionar innbyggarar og har arbeid pr. nov. 2016 i 3 distrikt med tilsamen 1,1 mill. innbyggarar.
I tillegg er prosjektet etablert på ein sjukpleiarskule og skal arbeida framover med 4 andre skular. Prosjektet går ut på å innfører medisinsk utstyr tilpassa låginntekts land og å drive med omfattande opplæring. Metoden som blir bruka er HBB II(sjå bilete), og NorSahel er den fyste som tek i bruk HBB II i Mali. Opplæringa vert plassert innanfor ramen av eksisterande offentlege helsestrukturar. Prosjektet er linka opp til fylkessjukehuset og offentlege helsesenter spreidt utover eit stort området ute på landsbygda i Mali.
Endepunktet er at malisk helsepersonell har berekraftig kunnskap om bruk av HBB metode og at metoden er integrert i offentlege helsestrukturar. Prosjektet har i samband med opplæringa utstyrt jordmødre og fødselshjelparar ved helsesenter, sjukehus og skulen med HBB medisinsk utstyr(HBB Bag) for gjenoppliving og opplæringsmateriell, sjå bileta av innhaldet til høgre.

Resultatet av prosjektet vil føra til at familiar har meir forutsigbar helse og at fattigdomen er redusert som følgje av betre helse for spedbarn. Jordmor og prosjektkoordinator i NorSahel, Koumba Traore, vitjar jamleg sjukehus, helsesenter og helsefagskular.

Til trass for sikkerhets-utfordringar i Mali har NorSahel makta å etablera eit godt heilskapleg program i nyfødd helse og har bygd opp eit nettverk og ei ramme i landet. NorSahel og PFI har spesielt utvikla eit godt samarbeid med den viktigaste aktøren i prosjektet, dei maliske helsestyresmaktene. Eit pilot-prosjekt på eit år har blitt gjennomført i 2015/2016 i Kati som er eit stort helsedistrikt. NorSahel har gjennom pilotprosjektperioden lært opp to HBB mentorer(nasjonale ansvarlege legar), 4 HBB Mastar Trainers(ansvarleg for opplæring), 48 facilitatorer(lærerar), 305 fødselshjelparar(jordmødre) i 32 ulike helsesenter og eit sjukehus i Kati helsedistrikt og 235 elevar ved Helsefagskulen i Kati.
I tilknyting til prosjektet er det gjort forsking på verknaden av metoden HBB og grunnar til helseproblem hos nyfødd og mødre. Prosjektet gjennomførde ei evaluering i april 2016 . Evalueringa viste at dei maliske partnarane er veldig nøgt med prosjektet og med strategien og at dei har tillit til NorSahel som aktør. Evalueringa viser at HBB utstyr og gjenopplivingsutstyr er i bruk og reddar liv. Evalueringa tilrår styrking av opplæringa på alle nivået og utviding til andre område. I juli 2016 starta NorSahel opp med ein ny prosjektperiode på minst 2 år innan nyfødd omsorg i Mali.

Hjelpa blir kanalisert gjennom nasjonale strukturar for bærekraftig utvikling !

Pilotprosjektet

Blei gjennomført i eit år frå juni 2015. Nasjonale HBB mentorer og meir enn 360 legar og jordmødrer fekk opplæring. Prosjektet har i samband med opplæringa utstyrt helsesentre, sjukehus og skulen med HBB utstyr( gjenopplivingsutstyr for nyfødde og opplærings-materiell).

Nyskapende

Prosjektet er nyskapande. For å sikre faglig kvalitet av opplæringane og metoden er ei veldig solid ekspertgruppe beståande av helse-personell med både høg internasjonal kompetanse og djup lokalkunnskap. Eit vitskapeleg forskingsprosjekt skal måle effekten av prosjektet og gjere kartlegging innan nyfødt og fødselsomsorg.

Prosjektinfo HBB II

Ansvarlig organisasjon: NorSahel
Samarbeidspartner: Pediatrisk Insitutt, Universitet i Oslo
Sted: Koulikoro regionen, Mali
Lokale samarbeidspartnere i Mali: Helsedirektoratet i Mali, Koulikoro helse-region og flere helsedistrikter, flere helsefagskoler

Vil du hjelpe oss å bekjempe spedbarnsdødelighet i Mali?

GI EIN HBB BAG TIL JORDMØDRE

 VIPPS 900 kr. til 15556 MERK NYFØDD. Med Vipps kan du enkelt sende penger fra mobilen din, uansett hvilken bank du har.

Giverkonto

Du kan gi ei gåve ved å overføre 900 NOK eller Eit fritt beløp til vår Giverkonto : 2801 32 59889
Kontonavn: NorSahel

Månedlig trekk

Sette opp månedlig trekk. Eit fritt valt beløp til vår Giverkonto :2801 32 59889
Kontonavn: NorSahel

Tusen takk for din støtte til vårt viktige arbeid!

Vi er medlem av Innsamlingskontrollen.